Søk

Ekte øving, med direkte utbyte

07.02.2012

- Vi fekk solid trening i å takle ulike intervjusituasjonar. Kurshaldaren hadde sett seg godt inn i aktuelle saker for SFE, og det gjorde øvinga svært ekte og gav oss direkte utbyte, skriv kommunikasjonsrådgjevar Jannicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi,

Ekte øving, med direkte utbyte
Ein kursdeltakar vert intervjua av Magni Øvrebotten. Ragnvald Søgnesand fotograferer. Foto: SFE/Kai Petter Sårheim.

Det var Magni Øvrebotten og Ragnvald Søgnesand som kursa sju tilsette i Sogn og Fjordane energi i medietrening 26. januar.

- I SFE-konsernet har vi mange ulike fagmiljø, og det er viktig for oss at fleire i organisasjonen får trening i å snakke med media, seier kommunikasjonsrådgjevar Janicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi. 

Andre kurs 
Dei komande vekene skal NRK Nynorsk mediesenter ha kurs i skriving for internett, hjå Fylkesmannen i Hordaland, og to dagar med medietrening for tilsette i Hordaland fylkeskommune. Wenche Eikum er kurshaldar på dei tre kursa. På medietreninga har ho med seg Randi Indrebø som fotograf.  



Fleire saker...



Fleire nyheiter