Søk

Kven skal få nynorskprisen i 2012?

28.02.2012

1. mars er fristen for å kome med framlegg til kven som skal få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012. Gry Molvær er leiar for juryen og ynskjer mange grunngjevne framlegg å velge mellom. 

Kven skal få nynorskprisen i 2012?

Det er sjuande året Kulturdepartementet sin nynorskpris vert delt ut. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, NRK1, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen ( no Klassekampen), Odd Reidar Solem TV 2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Astrid Brekken, NRK P2 og Njord V. Svendsen, som fekk prisen for reportasjane sine i Bergens Tidende.

Etterlyser framlegg frå lokalaviser
- På lista over prisvinnarar saknar mange lokalavisjournalisten. Vi skulle gjerne ha gjeve prisen til ein dyktig, nynorskbrukande lokalavisjournalist, men får diverre få framlegg om slike. Det virkar som om folk trur dette er ein pris berre for etermedia. Det er det ikkje, seier Gry Molvær. Ho er leiar for juryen som bestemmer kven som får prisen, der sit også forfattaren Olaug Nilssen og kommentator i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. 

- Dei 30 nynorskbrukande lokalavisene her i landet er viktige fundament for nynorsk i media og samfunnet elles. Før om åra har vi fått framlegg om redaktørar av slike til prisen, men dette er ikkje ein redaktørpris. Statuttane seier tydeleg at det skal vere ein journalist som får prisen. Vi ynskjer framlegg om journalistar frå både riks- og lokale media, seier Molvær.

Viktig med grunngjeving og døme
Vinnarane av prisen har alltid vore folk der forslagsstillaren har skrive eit skikkeleg grunngjeve framlegg, med døme på kva journalisten er god for. - Mange sender oss berre eit namn, og det held ikkje. Juryen kjenner ikkje alle nynorskbrukande journalistar i landet, og det er viktig med døme på arbeidet til dei som vert føreslegne, seier Magni Øvrebotten, som er sekretær for juryen.     

Du finn utlysinga av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar her, og prisen vert delt ut fredag 29. juni, under Dei nynorske festspela i Ørsta.



Fleire saker...



Fleire nyheiter