Sondre Dalaker tilsett som vikar
25.01.2012
NRK Sogn og Fjordane har tilsett Sondre Dalaker (1992) som vikar til over sommaren, før han er ferdig med praksistida si. -Sondre har synt seg som ein dyktig reporter, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske.
Sondre Dalaker var sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane i fjor sommar, før han byrja som nynorskpraktikant på kull 15, som er ferdige til 1. mars i år. No har han praksisen sin i NRK Sogn og Fjordane. - Sondre har synt stor utvikling i praksisperioden, og står fram som ein positiv, engasjert og arbeidsvillig reporter som bidreg godt både på radio og tv, seier redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske.
- Det har hendt før at nynorskpraktikantar får seg vikariat før dei er ferdige med opplæring og praksis, men det er likevel heller sjeldan. Sondre kom rett frå vidaregåande til NRK, berre 18 år gamal. Det var ei stor omstilling frå skule til arbeidsliv. Men med talent og vilje i botn har det gått framifrå. Det er berre å gratulere, seier Magni Øvrebotten.
Sjå meir om korleis han har opplevd tida som nynorskpraktikant i siste statusrapporten
Fleire saker...