Gjesteførelesarane våren 2012
19.01.2012
Linda Eide, aktuell med ny serie i "Norsk attraksjon" er ein av gjesteførelesarane for kull 16. Andre er Urix-programleiar Annette Groth, Harald Thingnes, frå NRK Sporten og Ingunn Solheim frå Dagsrevyen. Du finn heile lista her
Linda Eide (Foto/ NRK Nynorsk mediesenter)
- Poenget med gjesteførelesarane er å gje praktikantane innsyn i journalistikk, nynorsk og ulike arbeidsreiskapar, seier Magni Øvrebotten. Mange av førelesarane er tilsette i NRK Sogn og Fjordane, men NRK Nynorsk mediesenter hentar også inn folk utanfrå for å supplere med andre sin kunnskap og innfallsvinklar.
- Dei fleste innleiarane bestemmer nok vi, men praktikantane får ynskje seg nokre spesielle dei har lyst til å møte, seier Øvrebotten.
Fleire saker...