Flygetur med gåsemor
18.01.2012
Det var lærerike timar med baklengs sirkel og flygetur med gåsemor for praktikantane då dei hadde besøk av logoped Jorid Løvbakk tysdag 17. januar.
Jorid Løvbakk instruerer Katrine Nybø (Foto; NRK/Hans-Olav Rise)
Gjennom høgtlesing av tekstar i båe endar av saksskalaen, frå nyhende til gladsaker, fann logopeden fram til kvar praktikant sine utfordringar når det gjeld stemme og munnleg framføring.
Løvbakk hadde løysingar for det meste, anten det var stemmevolum, taletempo eller forteljerytme som måtte arbeidast med.
Akustisk fingeravtrykk
Målet er at praktikantane skal få eit godt såkalla akustisk fingeravtrykk, slik at radiolyttarane kjenner att og bli glade for å høyre stemmene deira i framtida.
Stikkord for å oppnå dette er pust og pusteteknikkar.
Flygetur med gåsemor
På vegen mot målet fekk praktikantane fleire tips i form av øvingar med namn som epleplukking, månelyfting og flygetur med gåsemor. Særleg effektive middel var baklengs sirkel med armen for roleg tempo og fonasjon med rør for betre stemmevolum.
Sistnemnde er ei øving der ein blæs og lagar lyd gjennom noko liknande ein hageslange stukke ned i ei halvfull vassflaske, litt som ei omvendt vasspipe.
Dimed har alle praktikantane fått nye oppgåver og verkty å løyse dei med!
Fleire saker...