Fast tilsett i NRK.no
17.01.2012
- Eg har mitt daglege virke i nettredaksjonen til NRK i nyheitsavdelinga på Marienlyst i Oslo. Her begynte eg som tilkallingsvikar sommaren 2010, etter å ha fullført praktikantutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter. Etter kvart fekk eg eit fulltidsvikariat, og no blir eg altså fast inventar. Hurra! Det seier Gunn Evy Auestad, som var praktikant på kull 12.
Gunn Evy Auestad (Foto/NRK)
Det var etter at det erfarne netthovudet og NRK-journalisten Andreas Grimsæth føreles om nettjournalistikk for oss i kull 12 i Førde, at eg verkeleg fatta interesse for å jobba på denne relativt nye og uhyre spanande medieplattforma.
Som nettjournalist kan ein formidla det som skjer – når det skjer, ved hjelp av både skriftspråk, bilete, lyd og grafiske framstillingar. Tempoet er høgt, arbeidskvardagen uforutsigbar, og det er stort rom for nytenking.
I nettnyheitene på Marienlyst får eg ta del i dekninga av mange av dei store nasjonale og internasjonale hendingane. Av omfattande og kjende saker eg har jobba med, kan eg nemna jordskjelvet i Japan, Den arabiske våren og terroren i Noreg den 22.juli. Noer eg med i 22.juli-redaksjonen til NRK. Her blir eg verande utover våren og sommaren for å dekkja den ti veker lange rettssaka mot den terrorsikta.
Eg går utan tvil mange, mange spanande arbeidsdagar i møte her i NRK – no som fast tilsett!
Fleire saker...