Søk

Elskar tidspresset i Dagsnytt

16.01.2012

- Tilværet i Dagsnytt har gått over all forventning. Allereie frå første veka blei eg kasta ut på oppdrag, og har gjort mykje arbeid både på desken samstundes som eg har fått arbeidd med research enkeltsaker og laga reportasjer, seier Susanne Egset.

Elskar tidspresset i Dagsnytt
Susanne Egset (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Ho har praksis i NRK Dagsnytt. - Her går det fort i svingane, og vi arbeider ofte under stort tidspress – noko eg elskar. Ein kan ikkje bli vippa lett av pinnen i denne redaksjonen, og må halde hovudet kaldt og effektivt. Det er høgt tempo og eit godt samspel mellom folk. Ein kjenner verkeleg at ein har fått utretta noko sjølv om ein "berre" klippar snuttar eller lagar meldingar. Når snuttane og meldingane skal sendast i bulletinen om to minutt – er det ei usannsynleg god kjensle kunne gaule ut "FERDIG" og høyre den på radioen rett etterpå, seier Egset..

Kvar dag byr på nye, spanande utfordringar, og ho kjenner meg godt motteken. Ho får god oppfølging av fadderen sin Ragnhild Bjørge, og har fått prøvd seg på forskjellige typar vakter for å komme inn i "gamet" så fort som mogleg.

- Alt eg lærte på Nynorsk Mediesenter har kome godt med, og ligg i bakhovudet i alle oppdrag eg gjer. Tema som språk og formidling er sentralt her, og det er godt å kjenne at eg har litt å fare med. I tillegg vandrar eg i same gangane som kjente og kjære, inspirerande NRK-stemmer og ansikt, og det er ikkje til å stikke under ein stol at det er litt stas, vedgår Susanne Egset.

Dei andre på kull 15 har praksis i NRK Hordaland, Kulturnytt, NRK Sogn og Fjordane og mP3 på Tyholt.



Fleire saker...



Fleire nyheiter