Tre saker i Dagsrevyen
13.01.2012
- Eg er ikkje i tvil: NRK Sogn og Fjordane er den beste praksisplassen for meg. Her har eg fått laga fire fjernsynssaker på to veker. Tre av dei er sende i Dagsrevyen, seier Sondre Dalaker.
- Eit anna høgdepunkt var då eg fekk lov til å gå direkte i Vestlandsrevyen! Det at vaktsjefane torer å sende meg, ein urøynd reporter som berre har vore direkte på radio to gonger, direkte i Vestlandsrevyen for 100 000 menneske. Det er berre tøft.
Utfordringar i kø
- Det syner at dei torer å gi meg utfordringar og at dei ikkje er redde for å kaste meg ut på brådjupna. Eg likar det og storkosar meg i NRK Sogn og Fjordane! seier ein nøgd Sondre Dalaker.
I tillegg til fjernsynsjobbinga har han også arbeidd med radio.
Ulike praksisplassar
Elles er kull 15 i praksis i mP3/P3 på Tyholt, Kulturnytt, NRK Hordaland og Dagsnytt. Der skal dei vere ut februar, så må dei syte seg sjølve med arbeid.
Fleire saker...