Søk

Jobben min: Egmont Hjemmet Mortensen

16.12.2011

Ivar Folkedal, som gikk på det sjuande kullet med nynorskpraktikantar, er fast tilsett som vaktsjef for digitale media hos Egmont Hjemmet Mortensen.
 

Jobben min: Egmont Hjemmet Mortensen
Ivar Folkedal

Kva gjer du no?

Konsernet, Egmont Hjemmet Mortensen, er leiande på marknaden for magasin og vekeblad i Noreg, og var lenge mest kjent for sterke merkevare på glansa papir. For tre år sidan etablerte dei nettstaden klikk.no, som på kort tid er blitt den største redaksjonelle forbrukarnettstaden i landet med om lag ein million lesarar kvar veke.
Vaktsjefen har ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og presentere stoff frå sju ulike nisjeredaksjonar, leie morgonmøte og gi tilbakemeldingar til redaksjonssjefane. Ein viktig del av jobben er å distribuere saker til dagbladet.no, tv2.no, Nettavisen og ABC Nyheter.
 

- Dette er ein flott sjanse til å spisse den nettjournalistiske kompetansen min ytterlegare. Gjennom dagleg kommunikasjon med partnarane våre skaffar eg meg innsikt i verksemda til ei rekke ulike mediehus, dessutan får eg leiarerfaring, lærer å jobbe marknadsretta og utvikle gjennomarbeidde journalistiske strategiar, fortel Folkedal.
 

Korleis hamna du her?

Etter praktikanttida hausten 2007 jobba Folkedal tre år i nyheitsavdelinga i NRK, hovudsakleg som reporter og frontredigerer i nrk.no. Samtidig skaffa han seg erfaring frå Dagsnytt og tv-programma Redaksjon Ein og I Kveld, og tok master i journalistikk ved Universitetet/Høgskulen i Oslo. I tillegg har han jobba som nyheitsanker/reporter i P4, før han i sommar tok til hos Egmont Hjemmet Mortensen i ei prosjektstilling som nyleg er vorte permanent.
 

- Overgangen frå å dekke gravferder etter 22. juli-massakren til å jobbe med forbrukarjournalistikk var markant, men eg stortrivst i eit innovativt redaksjonelt miljø med dyktige kollegaer. Til samanlikning med NRK Nynorsk Mediesenter er det motiverande å ha leiarar som er opptatt av at eg skal utvikle meg mest mogleg, seier Folkedal.
 



Fleire saker...



Fleire nyheiter