Jobben min: NRK Rogaland
02.12.2011
- NRK Nynorsk Mediesenteret har gitt meg ryggrad til å bruka nynorsk uansett. Tidlegare flakka eg når eg skulle velja målform. Nå har eg forstått at nynorsken er som ei potet; ho smakar godt, seier Mathias Oppedal. Han har fast jobb i NRK Rogaland og var praktikant på kull 11 i 2009.
Mathias Oppedal (Foto/NRK)
Kva gjer du nå?
Nå jobbar eg stort sett som nettjournalist hos NRK Rogaland. I det daglege går jobben ut på å publisera dagens hendingar og saker på nettsidene til NRK Rogaland og på NRK.no. Eg jobber også i eit nettfeature-prosjekt der me utviklar eigensaker for nett. Det blir også litt foto- og videojournalistjobbing i ein kjekk redaksjon der det heile vegen skjer noko.
Korleis hamna du her?
Eg hamna på NRK Rogaland sine kontor i Stavanger sidan det var her eg hadde praksisplass. Eg ville ha praksisplass her sidan eg er fødd og oppvaksen omtrent på denne staden.
Kva har det betydd å vera nynorskpraktikant?
Utanom å vera årsaka til at eg har fått meg jobb som journalist, har NRK Nynorsk Mediesenteret gitt meg ryggrad til å bruka nynorsk uansett. Tidlegare flakka eg når eg skulle velja målform. Nå har eg forstått at nynorsken er som ei potet; ho smakar godt.
Fleire saker...