Søk

Jobben min: NRK Rogaland

10.11.2011

 - Eg har ikkje angra eitt sekund på at at eg pakka kofferten og flytta heim til Rogaland, seier Magnus Stokka, som var praktikant på kull 9. Han var vikar i Dagsnytt då han fekk fast jobb i NRK Rogaland.

Jobben min: NRK Rogaland
Magnus Stokka (Foto: Mathias Oppedal/NRK)

Kva gjer du no?

I dag arbeider eg som bulletengopplesar og reporter i NRK Rogaland. Oftast sit eg på desken og produserer nyheiter. Når klokka kryp like over kvar heile time, skundar eg meg i studio for å framføra sist nytt frå Rogaland. Med jamne mellomrom lagar eg reportasjar for radio/tv/nett. Målet er å koma seg ut av kjerneområda våre (Stavanger og Sandnes). Ofte er eg på heimslege trakter i Suldal/Sauda. Nå om dagen arbeider eg og nynorskpraktikant-kollega Mathias Oppedal med to Glimt av Norge-program. Målet er å syna første program (handlar om livet på Jærstrendene) for det norske publikum før jul.

Korleis hamna du her?

Etter at eg var ferdig praktikant i Førde hadde eg praksisen min i Dagsnytt/NRK.no. Etter eit halvt år med vikarjobbing på Marienlyst fekk eg fast jobb i Rogaland. Då var valet enkelt; eg pakka kofferten og flytta ”heim”. Det har eg ikkje angra eitt sekund på etterpå. No har eg lagt opp pengar i nesten to år og nyleg kjøpt meg leilegheit 300 meter frå jobb. Fint liv.

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?

Med tanke på å få jobb i NRK, har det betydd alt. Eg hadde ein del journalistisk erfaring før NRK Nynorsk mediesenter, men ingen erfaring med radio/TV. I Førde fekk eg nye kunnskapar om etermedia og ei skikkeleg ”oppfrisking” i journalistikken. Særleg ”Fokus-modellen” har vore eit svært nyttig arbeidsverktøy i ein hektisk nyheitskvardag. Eg lærte å ”skjæra saka ned til beinet”, fortelja ei historie om gongen og halda meg til fokuset mitt. Og ikkje minst; eg fekk på ny erfara kor viktig verktøy språket er for ein journalist. Det er vårt aller viktigaste verktøy, definitivt! Og NRK treng fleire folk som er medvitne på språket – og som har vilje til å bruka det.
 



Fleire saker...



Fleire nyheiter