Søk

Jobben min: NRK Dagsnytt

25.10.2011

- I dag sit eg med ein superjobb i Dagsnytt, og har knapt hatt ein keisam dag. Det seier Ragnhild Bjørge, som var praktikant på sjette kullet i 2007.  

Jobben min: NRK Dagsnytt
Ragnhild Bjørge på jobb under Eurovision song contest i Düsseldorf i Tyskland (Foto/ NRK)

Kva gjer du no?

No jobbar eg i hovudsak som reporter i Dagsnytt, men vikarierer også som vaktsjef og programleiar med jamne mellomrom. Eg obbar eigentleg med alt mogleg. Siste året har eg vore i Düsseldorf i Tyskland, der eg dekkte den norske innsatsen i Melodi grand prix, eller Eurovision song contest som dei likar å kalla det, eg har dekkt krimsaker og arbeidd mykje med lagring og handsaming av norsk atomavfall.
 

Korleis hamna du her?

Då eg var praktikant ved Nynorsk mediesenter hadde eg praksisen min i Dagsnytt. Sommaren etter jobba eg fyrst ved NRK Sogn og Fjordane og så NRK Hordaland, før eg drog attende til Oslo og Dagsnytt. Her har eg fått prøva meg på alt eg har hatt lyst til, både på radio og nett og noko fjernsyn, og har knapt hatt ein keisam dag på jobb.
 

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?

Eg trur ikkje eg hadde vore journalist i dag om det ikkje hadde vore for NRK Nynorsk mediesenter.
Heilt sidan eg var lita har eg drøymt om å laga radio, men eg valde heilt andre fag enn journalistikk då eg byrja å studera. Det var fyrst då eg nærma meg slutten av mastergraden min at tankane om radio dukka opp att. Eg kjende godt til Nynorsk mediesenter og tenkte at det ikkje kunne skada å senda inn ein søknad. Så gjekk det slag i slag og i dag sit eg i ein superjobb i NRK Dagsnytt.
 



Fleire saker...



Fleire nyheiter