Jobben min: NRK Sogn og Fjordane
20.10.2011
- Eg har fått draumejobben, seier Erlend Blaalid Oldeide, som var nynorskpraktikant på fjerde kullet i 2006. Han har i dag fast jobb som reporter og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. For tida held han på med å grave i TV-arkivet og lage reportasjar til Vestlandsrevyen sitt 20-års jubileum.
Erlend Blålid Oldeide i TV-redigeringsstudio i Førde (Foto: Randi Indrebø/NRK)
Kva gjer du no?
Eg er reporter og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. For tida er eg oppteken med to prosjekt. Det eine er å lage tilbakeskuande TV-reportasjer i samband med Vestlandsrevyen sitt 20-årsjubileum. I dag redigerer eg ei sak om samferdsel og ser på kva Fjærlandsvegen har betydd for Sogn og Fjordane. Det andre prosjektet er eit samarbeid med musea i fylket, i regi av Den kulturelle skulesekken, der vi reiser rundt på dei vidaregåande skulane i fylket for å fortelje om korleis radio blir til. Begge deler er veldig spennande og artig å vere med på.
Korleis hamna du her?
Eg hadde praksis i NRK Nordland. Deretter sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane, før eg vendte tilbake til Bodø og jobba der i eitt år. Eit fantastisk spennande fylke, og ein herleg arbeidsplass. Eg unnar alle å jobbe saman med nordlendingar over lenger tid. Eg fekk tilbod om fast jobb ”heime” i NRK Sogn og Fjordane og kom tilbake i 2007. Sidan har eg jobba her, og stortrivast. Eg har fått høve til å utvikle meg og prøve meg på nye utfordringar. Til dømes leia eg partiutspørjingane i samband med vala i 2009 og 2011.
Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?
Alt. Eg hadde nok ikkje vore journalist i dag, hadde det ikkje vore for at eg fekk moglegheiten gjennom NRK Nynorsk mediesenter. Det gjorde at ein ung kar utan verken utdanning eller erfaring, fekk utvikle seg til å bli ein habil journalist (i all beskjedenheit). Eg har fått draumejobben. Og det er takka vere opplæringa eg fekk på mediesenteret.
Fleire saker...