Jobben min: P3 morgen og NRK2
21.10.2011
- Eg hadde nok ikkje vore fast tilsett i NRK hadde det ikkje vore for NRK Nynorsk mediesenter, seier Maria Olivia Rivedal, som i dag jobbar som produsent P3 morgen og er kanalvertvikar i NRK2. Rivedal var nynorskpraktikant på det fyrste kullet i 2004.
Maria Olivia Rivedal (Foto: Jonas Brenna/NRK)
Kva gjer du no?
Eg er produsent i ”P3morgen” på NRK P3 kvar morgon mellom 06:30-10:00 I tillegg jobbar eg som kanalvertvikar eller ”hallodame” i NRK2 når høve byr seg.
Korleis hamna eg her?
Eg hadde praksis i ”P3nyheter” i Trondheim og blei då ein del av vikarbassenget til P3 der. Eg var innom mange ulike program i både P3 og P1 og har jobba som det meste; reporter, programleiar, vaktsjef, produsent og nettjournalist.
I 2008 fekk eg fast jobb og på den måten blei eg ein del av heile NRK. Eg flytta til Oslo og starta i jobben som produsent for ”Juntafil”, deretter fekk eg ansvar for ”Bestevenn med Erlend og Steinjo”. Etter det opna stillinga som produsent i ”P3morgen” seg og eg hoppa på den.
I forhold til kanalvertjobben trengte dei sårt fleire nynorskbrukarar til å annonsere på NRK2. Eg vart kontakta av Ragnhild Sælthun Fjørtoft som lurte på om eg vil prøve meg der. Det var artig å jobbe i eit anna miljø der eg sjølv kunne framføre eit bodskap. Dei to jobbane er vidt forskjellege og det passar meg utmerka.
Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?
Eg trur neppe eg hadde vore fast tilsett i NRK hadde det ikkje vore for NRK Nynorsk mediesenter. Som nynorskpraktikant jobbar du og lærer undervegs. Personleg hadde eg aldri kome inn på noko journalistutdanning, sjølv om eg visste at eg hadde talent for det. Å vere nynorskpraktikant opna mange dører for meg i tillegg får eg bruke språket mitt fritt.
Fleire saker...