Søk

Jobben min: NRK Super

11.09.2011

Christian Wiik Gjerde er fyrstemann ut i ein serie om " Jobben min" her på sida vår. Her skal tidlegare nynorskpraktikantar fortelje om kva NRK Nynorsk mediesenter har betydd for dei og den jobben dei har no.  

Jobben min: NRK Super
Christian Wiik Gjerde (Foto: Lars Erik H. Andreassen)

Kva gjer eg no?


No jobbar eg i NRK Radio Super. Eg hadde ekstern praksis her i redaksjonen, og treivst så godt at eg søkte på diverse vikariat som blei lagt ut.
Jobben min består av å vere reporter og produsent for verdas beste radioprogram, Radio Super, som går på P1 måndag til fredag kl 18.30

Korleis hamna eg her?


Utan NRK Nynorsk mediesenter hadde eg nok hatt store problem med å få foten innafor NRK. Då valet på ekstern praksis stod for tur, var valet mitt enkelt. Det var her eg ville vere, og eg fekk plass. Eg gler meg til å kome på jobb kvar dag, og kva er vel betre enn det?

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?


Å vere nynorskpraktikant har betydd mykje for meg. Det er litt rart å tenkje på at eg i fjor jobba som lærar, og i løpet av eit halvt år er heile livet mitt snudd opp ned på ein positiv måte. Eg har blitt kasta ut i det, og det har gjort meg godt. Det knallharde nyheitsfokuset i Førde gjorde meg godt, før eg fekk innpass her på Marienlyst. Det er viktig å få fram at Nynorsk mediesenter ikkje er ein koseskule, men beinhard jobbing.
 



Fleire saker...



Fleire nyheiter