Kull 15 er på plass
22.08.2011
I dag byrja kull 15 med nynorskpraktikantar: Frå venstre:Sondre Dalaker, Maria Pile Svåsand, Susanne Egset, Agnese Bremere og Lars Erik Andreassen.
Frå venstre: Sondre Dalaker, Maria Pile Svaasand, Susanne Egset, Agnese Bremere og Lars Erik Andreassen (Foto: Randi Indrebø/NRK)
I morgon skal dei på sitt fyrste redaksjonsmøte i NRK Sogn og Fjordane, der Sondre Dalaker kan vere kjentmann. Han hadde sommarjobb i distriktssendinga. Her er litt om bakgrunnen til dei fem på kull 15.
Lars Erik Haukedal Andreassen (1991), frå Sandnes i Rogaland. Russ ved musikklina ved Vågen vidaregåande skule våre 2011. Har vore aktiv i Radio Sandnes, som programleiar for "Morgenshowet" på laurdagane og teknikar på diverse sendingar.
Spela i fleire år bass i bandet Mordi, som i 2008 reiste til Liverpool for å spele konsertar i regi av Kulturhovudstaden Stavanger 2008. I 2009 fekk dei kontrakt med artistbyrået Great Moments, som arbeider for å fremje norske artistar nasjonalt og internasjonalt. Lars Erik Haukedal Andreassen har vore alt frå politisk aktiv i eit bydelsutval og ungdomsrådet i Sandnes til bamsebyggjar for "Build a Bear Shop" på kjøpesenteret Kvartalet.
Agnese Bremere (1988), frå Latvia og Luster. Kom til Skjolden i Sogn åtte år gamal og er framleis latvisk statsborgar. - Men eg har opphaldsløyve til 2034 og lærde meg fort sognamål. I Latvia står striden om latvisk eller russisk, her mellom nynorsk og bokmål, seier Bremere.
Har ein BA i engelsk ved Universitetet i Oslo, og eit årsstudium i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Svært kunst- og musikkinteressert. Aktiv i Ungdom mot EU og sit i styret for Oslo studentar mot EU. Om somrane er ho turistguid i Luster.
Sondre Evenstad Dalaker (1992), frå Kaupanger i Sogn. Russ ved medielina på Sogndal vidaregåande skule i Sogndal våren 2011. Hadde sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane og er overtydd om at han skal bli journalist. Har sett seg som mål å vere radio- eller tv-journalist under OL i 2022.
Dalaker har vore utplassert i både nærradioen i Sogn og ved NRK sitt lokalkontor i Sogn, og begge deler gav meirsmak. Via elevbedrifta på Sogndal vidaregåande skule var han med og laga ein informasjonsfilm for Vestlandsforsking og eit filmportrett av fem songdalspelarar før 2010-sesongen.
Susanne Egset (1989), frå Ørsta på Sunnmøre. BA i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda, med valfag i Austral-asiatisk kulturstudium i Australia/Japan. I samband med studiet i Volda hadde ho våren 2011 tre månaders praksis i FN-sambandet.
Egset har vore frilansjournalist/fotograf for Møre-Nytt og Sunnmørsposten i fleire år.I fire år var ho journalist/fotograf/nettansvarleg for nettredaksjonen for UKM si fylkes- og landsmønstring, og runda av med to år som redaktør for UKM Norge sitt nettmagasin YBER.no. Egset har også vore leiar for Ungdomsrådet i Ørsta.
Maria Pile Svåsand (1986), frå Strandebarm i Hordaland. BA i journalistikk frå Høgskulen i Oslo og årsstudium i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Har arbeidd som frilansjournalist, vore tilkallingsvikar i avisa Grenda og hatt sommarjobb i Bergens Tidende. - Sjølv om eg alt har ei journalistutdanning ynskjer eg å lære meir, særleg om radio, fjernsyn og internett, seier Maria Pile Svåsand.
Fleire saker...